HEIMEGRENDI

HER ER GRENDI, FRAMOM ALLE GRENDER!
INGEN STAD EG TRIVST SO GODT SOM HER!
HEIMATT HER MIN HUG OG TANKE VENDER,
NÅR EG KRING I ANDRE BYGDER FER.
MINNEST FJORDEN, SOM I SOLI GLITRAR,
OG I MÅNESKIN EIN STILLE KVELD - -
HØYRER FUGLEKOREN SYNG OG KVITRAR,
HEILT FRÅ DALEN TIL DEI ØVSTE FJELL.

I DET GAMLE HUS I HEIMETUNE,
SÅG EG DAGSENS LJOS FOR FYRSTE GONG.
GAMALT, JA, MEN STOVENE VAR LUNE,
ATTVED VOGGA SAT HO MOR OG SONG.
HER EG GRET OG LO I BARNEÅRI,
HER EG STEIG PÅ LETTE UNGDOMSFOT.
HER SO STILT DEI GRØDDEST, HJARTESÅRI,
HER VAR TRØYST NÅR NOKO GJEKK I MOT.

INGI GREND SO KJÆRLEG TIL MEG TALAR!
INGEN STAD ER HIMLEN MEIRE BLÅ!
FJELL OG FJORD OG RIND OG LI OG DALAR,
LEGG SIN GLANS I KRING DET KVARDAGSGRÅ.
SKOGEN SUSAR MILDT I SOLFALLSVINDEN,
ELVI SYNG SIN DJUPE, STILLE SONG.
SOLI GYLLER ALLER ØVSTE TINDEN,
FØR HO SIG I HAVET ENN EIN GONG.


HER ER BYGDI, FRAMOM ALLE BYGDER!
ARV FRÅ GAMAL TID ME HER KAN SJÅ.
HER ER MERKE ETTER KRISTNE DYGDER,
HER BUR GODTFOLK PÅ SITT TUN ENDÅ.
HER VIL ME OG VÅRE BU OG BYGGJA,
HER ME YNSKJER HELST Å FÅ VÅR GRAV.
TAKK MIN GUD FOR ALL DEN HEIMEHYGGJA,
DU I DENNE VAKRE BYGD MEG GAV!
Har du spørsmål eller kommentarar,
send ein e-post til: Håkon Rydland

Webmaster: